Ny GIV - Overgangsprosjektet

"Overgangsprosjektet" er eitt av tre delprosjekt i Ny GIV. Målet med prosjektet er at fleire elevar skal fullføre og stå til eksamen i den vidaregåande opplæringa.

Sentralt i "Overgangsprosjektet" er styrking av grunnleggjande ferdigheiter som skriving, lesing og rekning.
Elevar som presterer svakt deltek i prosjektet og  skal frå 10. klasse til og med Vg2 få tettare oppfølging i desse grunnleggjande ferdigheitene.


Tiltaka i satsinga er teke i bruk i ein del kommunar allereie våren 2011, og dette inngår i eit langsiktig arbeid som skal gjere skulane betre i stand til å utvikle elevane sine ferdigheiter, kunnskap og haldningar. På denne måten skal elevane bli betre i stand til å fullføre den utdanninga dei har starta på.

Saman med Lesesenteret og Skrivesenteret har Matematikksenteret fått i oppdrag å gjennomføre skolering av dei lærarane som skal delta i prosjektet Ny GIV.

På denne sida kjem vi til å legge ut informasjon og presentasjonar frå samlingane lærarane er med på.

 

Postadresse:
Matematikksenteret, NTNU
7491 Trondheim
Besøksadresse:
Gløshaugen,
Realfagbygget, A4
Telefon og epost:
73 55 11 42
ms@matematikksenteret.no
Kjernetid:
09.00-15.00

Personvernerklæring