Læreplan i matematikk
Læreplana i matematikk ligg på heimesida til Utdanningsdirektoratet.
Rettleiinga til læreplana i matematikk er meint som ein støtte for skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar i det lokale arbeidet med læreplana.
Føremålet med rettleiinga er å vise døme på korleis læreplana kan tolkast og settast ut i praksis. Døma syner korleis ein kan planleggje og gjennomføre ei undervisning i matematikk som ivaretek intensjonane i læreplana.
Det er viktig å få fram at veiledninga er rettleiande. Ho viser mogelege måter å gripe an det lokale arbeidet med læreplanen i matematikk innafor dei områda som i Kunnskapsløftet er definert som et lokalt ansvar. Det vil seie at du finn tips og råd om til dømes innhald, arbeidsmåtar, tilpassa opplæring og underveisvurdering. Råda og døma i rettleiinga gjev ingen føringar, men er meint å vere til hjelp og inspirasjon i det lokale arbeidet der ein har bruk for det.
