Kva kan eg bli med realfag?

hvakanjegblimedrealfag.no er ein ny nettstad der du finn gode pedagogiske ressursar som du kan bruke i matematikk- eller naturfagstimane.

Føremålet er at ungdom skal bli motiverte til innsats i realfagstimane ved at dei forstår at det er bruk for realfag i yrkeslivet. På nettstaden vil du finne både nye og gamle filmar og undervisningsopplegg.

Nettstaden er stadig under utvikling. Dersom du har tips til fleire ressursar som bør ligge her, send ein e-post til kontakt@realfagsrekruttering.no.

141022 Hva kan jeg bli med realfag

Ressursane er i hovudsak retta mot elevar på 10. årstrinn og Vg1 studiespesialisering.

hvakanjegblimedrealfag.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt senter for realfagsrekruttering som prosjektansvarlig, Matematikksenteret og Naturfagsenteret.