Rettleiing til læreplan i matematikk

Veiledningsmateriell
Våren 2013 vart læreplanene i dei fem faga matematikk, naturfag, samfunnsfag, engelsk og norsk vorte reviderte. I samband med det vart også rettleiinga til læreplanene reviderte.

Rettleiinga til læreplana i matematikk skal støtte skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar i det lokale arbeidet med læreplana.

Føremålet med rettleiinga er å vise døme på korleis ein kan tolke og sette læreplana ut i praksis. Eksempla viser korleis du kan planleggje og gjennomføre ei undervisning i matematikk som ivaretek intensjonane i læreplana. Det er viktig å få fram at rettleiinga berre viser mogelege måtar å gripe an det lokale arbeidet med læreplana i matematikk innafor dei områda som er definert som eit lokalt ansvar i Kunnskapsløftet. Det vil seie at du finn tips og råd om innhald, arbeidsmåtar, tilpassa opplæring og undervegsvurdering. Råd og døme i rettleiinga gjev ingen føringar, men er meint å vere ei hjelp og inspirasjon i det lokale arbeidet der du har bruk for det.

Les rettleiinga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.