1 time
To og to

Først til hundre

Terninger i mange farger

Emne

Tal og talbehandling, posisjonssystemet

Valg av tidspunkt

Når klassen arbeider med addisjon av heile tal, tallinja og posisjonssystemet.

Du trenger

Terningar, tallinje og blyantar

Beskrivelse av opplegg

To og to spelar mot kvarandre, kvart par har 2 terningar. Spelarane starter med å teikne ei tallinje frå 1 til 100.

Reglar:

Førstemann kastar ein terning, og vel om det terningen viser skal være einarar eller tiarar. Kast den andre terningen. Valde spelaren tiarar i første kast blir dette kastet einarar.   

Døme:

I første kast får du ein firar, du vel at det skal telje som tiarar

I andre kast får du ein femmar, det tel da som einarar.

Resultatet ditt:  45.

Etterpå kastar du ein ny runde, får eit nytt resultat og finn til slutt skilnaden mellom poengsummane dei to rundane. Denne skilnaden fortel kor mange hopp du skal gjere på tallinja. Start på null og merk av talet der du landar.

No er det nestemann sin tur til å gjere det same. Teikn hoppet på andre sida av tallinja, og bruk gjerne i ei anna farge.

Bruk same framgangsmåte vidare, men hopp heile tida vidare frå der du landa i omgangen før. Førstemann som hoppar over 100 vinner.

Variasjon

1. Bestem på førehand kva terning som skal vere einarar og tiarar.

2. Kast med ein terning og hopp det terningen viser, først til 25.

3. Den som kjem sist forbi 100 vinn.

 

 

Kompetansemål

Etter 2. årssteget - Tal
bruke tallinja til berekningar og til å vise talstorleikar