Dei skal byggje tenkjande klasserom

Nyhet
/
10.05.2024
Lærarar og leiarar deltek i 'Bygge tenkjande klasserom i Hamarregionen'
30 lærarar og leiarar frå Ingeberg skule (Hamar kommune), Solvin skule (Stange kommune), Moelv ungdomsskule, Brumunddal ungdomsskule og Furnes ungdomsskule (alle tre frå Ringsaker kommune) deltek i "Bygge tenkjande klasserom i Hamarregionen"
Nettverk Hamarregionen er først ut i Noreg med storsatsing på undervisningsforma "Bygge tenkjande klasserom".

- Så langt har prosjektet vore svært vellykka. Det er nok fordi det byggjer på skulane sine eigne ønske om kompetanseutvikling, og at Matematikksenteret formidlar kunnskap som er tett på det som faktisk skjer i klasseromma. Dette har vore avgjerande for prosjektet, seier Anette Kjelsrud, skulefagleg rådgivar og Newton-lærar i Ringsaker kommune. Ho er også ansvarleg for å koordinere Dekom-prosjekt i matematikk i Hamarregionen.

35 lærarar og skuleleiarar frå to barneskular og tre ungdomsskular deltek i prosjektet, som har fått namnet "Bygge tenkjande klasserom i Hamarregionen". Målet er å utvikle ein undervisningspraksis i matematikk med utgangspunkt i praksisar og prinsipp som fremjar elevars tenking i matematikk, og at elevane skal oppleve ei matematikkundervisning som bidreg til betre læring, forståing og motivasjon i matematikk, i tråd med Peter Liljedahls praksisar.

- At leiarar og lærarar frå alle trinn i grunnskulen er med på samlingane bidreg til nyttig erfaringsutveksling, gode diskusjonar og ei meir einskapleg utvikling av skulane i Hamarregionen. Vi ser at dette har ein stor verdi, ikkje minst for elevane, seier Kjelsrud.

Samlingar, mellomarbeid og utprøving

Kompetanseutviklingsprosjektet starta hausten 2023 og strekkjer seg over to år, med 12 samlingar. Dei er no halvvegs i prosjektet.

Før kvar samling les deltakarane fagstoff om dei ulike praksisane. På samlingane fungerer lærene og skuleleiarane som "elevar" som får undervisning av Ingunn Valbekmo og Kjersti Pleym Spigset frå Matematikksenteret.

- På den måten får dei kjenne på kroppen korleis undervisningsforma kan fungere for elevane. Vi bruker også mykje tid på å reflektere undervegs, fortel Ingunn Valbekmo.

Etter kvar samling prøver lærarane ut det dei har lært på eigne elevar.

- På samlingane diskuterer vi kva dei har lykkast med under utprøvinga, og kva som er utfordrande, seier Valbekmo.

Om prosjektet Bygge tenkjande klasserom – Hamarregionen

  • To-årig kompetanseutviklingsprosjekt med 12 samlingar, mellomarbeid og utprøving
  • 35 lærarar og skuleleiarar frå kommunane Hamar, Ringsaker og Stange deltek
  • Finansiert av Dekom-midlar
  • Alle samlingane er lokaliserte på Newton-rommet i Ringsaker
  • Ein ny pulje med lærarar frå Hamarregionen startar opp til hausten
  • Til hausten startar både Oslo og Hamarregionen (ny pulje) med kompetanseutviklingsprosjekt i Bygge tenkjande klasserom

Lærarar
På samlingane er lærarane "elevar" slik at dei får kjenne på kroppen korleis undervisningsforma kan opplevast i klasserommet.