Korleis skape større engasjement i matematikkfaget?

Nyhet
/
29.02.2024
Undervisning i klasserom
Er du matematikklærar på 6. eller 7. trinn? Bli med på forsking om engasjement i matematikkfaget!

Forskarar ved Universitetet i Stavanger er no i gang med eit spennande forskingsprosjekt: Enact! Matematikksenteret er med som samarbeidspartnar, og no søkjer vi lærarar som underviser i matematikk på 6. og 7. trinn som har lyst til å delta i prosjektet. 

Om prosjektet

Prosjektet har som mål å undersøkje korleis undervisningspraksisar kan bidra til å skape eit større engasjement for matematikkfaget. Matematikksenteret rolle er å utvikle matematikkressursane som inngår i prosjektet.

Vi leiter etter 120 norske skular som vil delta.

Deltaking inneber at minst fire lærarar i matematikk frå 6. og 7. trinn på skulen din ønskjer å delta i prosjektet. Minst to av lærarane må undervise på 6. trinn, og minst to på 7. trinn. Prosjektet vil gå føre seg over to tidsperiodar i løpet av skuleåret 2024/2025: tre månader hausten 24 og tre månader våren 25. Lærarane som deltek må undervise trinnet sitt i matematikk heile året for å delta.

Metoden forskarane bruker er ein randomisert kontrollert studie. Det inneber i dette tilfellet at lærarane som deltek blir delte i fire ulike intervensjonsgrupper. Det er tilfeldig kva gruppe kvar lærar blir plassert i. Lærarar på same trinn vil bli plassert i same gruppe.

Gruppene blir slik fordelte:

  • Ein firedel av lærarane vil få ny kunnskap og tips om engasjerande undervisning i matematikkfaget Dette materiellet er nettbasert.
  • Ein firedel vil få kunnskap og tips om engasjerande undervisning, i tillegg til at elevane skal gi tilbakemeldingar på korleis dei opplever undervisninga.
  • Ein firedel vil berre få tilbakemeldingar frå elevane.
  • Ein firedel vil halde fram med å jobbe slik ein jobbar i dag.

Dei to gruppene som skal få tilbakemeldingar frå elevane, vil få tilgang til ein digital portal der elevane anonymt skal svare på konkrete spørsmål om undervisninga. Alle lærarane vil etter enda tiltaksperiode få tilgang til materiell og tilbakemeldingar.

Interessert i å høyre meir? Bli med på informasjonsmøte

Bli med på informasjonsmøte tysdag 12. mars kl. 13.00. Her vil forskarar og prosjektdeltakarar fortelje meir om studien og kva det inneber å vere deltakar. Informasjonsmøtet rettar seg både mot deg som er matematikklærar på 6. eller 7. trinn og er nysgjerrig i å høyre meir, og deg som er skuleleiar på skulen.

Lenkje for å bli med i møtet, finn du også på Enact sin nettstad.

Påmelding

Allereie no kan du melde deg på prosjektet. Frist for påmelding er 21. mars. Påmeldingsskjema finn du på Enact sin nettstad.

Spørsmål kan rettast til lesesenteret@uis.no

Ved å vere med på denne forskinga vil de lære meir om engasjerande undervisning, og gi eit viktig bidrag til lærarar og elevar i heile Noreg.

Vi er veldig klare for å gå i gang, og det håpar vi de også er!