Jakta på bokstavar og talsymbol i naturen

Jakten på bokstaver og tallsymboler

Hensikt

Utforske talsymbol og bokstavar i naturen og erfare at tala kan representerast på ulike måtar.

Kjenne att talsymbol/bokstavar, utforske, observere, samanlikne, forklare, presentere

Du treng

Digitalt kamera (gjerne fleire)
Pc

Aktiviteten

Har du oppdaga at naturen er full av bokstavar og talsymbol? Sommarfuglen har ein kvit c under vingane. Bregna Stutseving ser ut som talsymbolet 9. Det kan vere spanande å gå ut i naturen og leite etter former som liknar talsymbol og bokstavar i alfabetet. Elevane kan gå i grupper, og ta bilete av symbola dei finn ute i nærmiljøet.

Når elevane kjem tilbake kan dei laste opp bileta på ein pc, og ta utsnitt av dei slik at detaljane kjem fram.

Deretter kan dei presentere bileta på mange måtar. Elevane kan til dømes lage ein plakat med ei oversikt over alle bokstavane/talsymbola eller ein presentasjon i PowerPoint. Sjå eksempel her: https://www.naturfag.no/binfil/download2.php?tid=2104062

Medan de ser på bileta kan du stille spørsmål som:

  • Kva er lik og forskjellig med dei ulike 5-tala (eller for eksempel bokstaven A) de har teke bilete av?
  • Korleis kan vi vere sikre på at det er det same (tal-) symbolet når dei ikkje ser heilt like ut?
  • Korleis ser tala ut når vi skriv for hand? Skriv alle tala/bokstavane på same måte?
  • Kva for eit talsymbol eller bokstav fann de flest/færrast av? Korleis kan dette ha seg trur du?
  • Fann vi alle tala i talrekkja/bokstavane i alfabetet, eller er det nokon som manglar?

Tips til utviding

De kan skrive ut og laminere bileta til talkort eller bokstavkort som kan brukast til å lage reknestykke med tala og ord med bokstavane. Memoryspel kan de også lage. Dersom de har laga både talkort og bokstavkort kan elevane forsøke å bruke bokstavane til å skrive ordet som talkortet representerer.

Aktiviteten er ein bearbeidd versjon av denne aktiviteten fra naturfag.no: https://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=717613

Rammeplanmål/Kompetansemål

Gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna..
leker og eksperimenterer med tall, mengde og telling og får erfaring med ulike måter å uttrykke dette på
  • Barnehage
  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 2.trinn
      • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane