1 skuletime
Grupper av 2-3

Lagring av såkorn

Korn

Emne

Tolke grafar

Hensikt

Tolke eit diagram som viser korleis faktorar som temperatur og innhald av vatn påverkar lagringsforholda for såkorn. 

Du trenger

Beskrivelse av opplegg

Lagring av såkorn

I denne oppgåva skal elevane prøve å tolke eit diagram som viser korleis faktorar som temperatur og innhald av vatn påverkar lagringsforholda for såkorn. 

Lagring av såkorn, diagram

 

Figuren over (Diagram 1) viser korleis lagringsforholda til korn blir påverka av både  lagringstemperatur og kor mykje vatn det er i kornet.

Undervisningsressurs

1) Undersøk kva typar sopp- og muggskader kornet kan få.

Eit tips å starte med kan vere

http://forskning.no/mat/2012/06/hva-pavirker-mugg-og-muggsoppgifter-i-korn

2) Studer tabellen over som viser lagringsgraden til såkorn ut fra innhald av vatn og lagringstemperatur:

  • Kva måler ein langs x- aksen, og kva er måleeininga?
  • Kva måler ein langs y- aksen, og kva er måleeininga ?
  • Dersom kornet inneheld 15 % vatn og lagringstemperaturen er 12 °C; kva område er du innafor da?
  • Anna har korn som inneheld 16 % vatn og lagringstemperatur 18 °C. Tåler kornet lagring?
  • Dersom kornet inneheld 14 % vatn; kva meiner du er det tryggaste temperaturområdet for at kornet ikkje skal bli øydelagt?
  • Kva skjer med dette temperaturområdet når innhaldet av vatn aukar? Blir det større eller mindre?
  • Kornsiloen til Nils hold 4 °C. Kva er det høgaste innhaldet av vatn han kan ha for ikkje å ha risiko for sopp- og muggskadar?
  • I kornet til Kåre er det 16 % vatn. Kva er den høgaste lagringstemperaturen han kan ha for at kornet ikkje vil tåle lagring?

3) Kan det vere andre faktorar enn temperatur og innhald av vatn som påverkar lagringsgraden av såkorn? 

 

Kompetansemål

Matematikk 1P-Y - Tal og algebra
tolke, bearbeide, vurdere og diskutere det matematiske innhaldet i skriftlege, munnlege og grafiske framstillingar