Matematikkolympiade - måling

Matematikkolympiade

Hensikt

Få praktiske erfaringar med måling gjennom blant anna å måle og samanlikne storleikar som gjeld tid, lengde, areal og volum.

Olympiaden innbyr til at elevane jobbar i grupper og kan beskrive og samtale om korleis dei kjem fram til løysingar, strategiar og resultat.

Du treng

Til kvar elev: blyant og svarark 

Informasjonskort til dei ulike postene

Utstyr til de ulike postene:

  • Post 1: taug, kvadratmeter, måleband
  • Post 2: 4-5 bocciakuler og ei lita kule, eventuelt ballar eller erteposar.
  • Post 3: små, blanke plastposar, liter eller halvlitersmål, vasstank/kran eller bøtte med vatn
  • Post 4: målband
  • Post 5: stoppeklokke
  • Post 6: stoppeklokke
  • Post 7: kvadratmeter, store figurar med ulikt areal (dusjforheng/voksduk/gråpapir eller liknande) og tusj til å sette namn på figurane

Aktiviteten

Dette er ein matematisk olympiade med sju postar som handlar om måling. Olympiaden foregår ute. Elevane arbeider i grupper og gjennomfører alle sju postane i gruppene. Bli samde om reglane på førehand. Gruppene kan starte på kvar sin post og gå vidare til neste post når dei er ferdige. Dersom det er ei gruppe på posten de kjem til, må de vente eller gå vidare til neste post. De kan også velje at alle gruppene med lærar gjer kvar post samstundes. Dette kjem an på talet på elevar og lærarar, utearealet og tilgang på utstyr. Det passar godt å ha ein lærar tilstade på post 6.

Kvar elev eller gruppe fyller ut eit svarark (vedlegg 1). Svararket dannar grunnlag for oppsummering i plenum når de har gjennomført olympiaden.

Lærarrettleiing

Kort informasjon om kvar post.

Post Aktivitet Tema og informasjon Utstyr
1 Størst mogeleg flate

Areal

Post:
Tauet er 8 meter langt. Lag ein figur med så stor flate som mogeleg med tauget. Teikn ei skisse av figuren som de meiner har størst mogeleg flate på svararket. Sett mål på skissa.

8 m tau

Kvadratmeter

Målband

2 Fulltreffar

Lengde (m, dm, cm)

Post: 
Den lille kulen er plassert eit stykke unna streken den som kastar står bak. Kvar elev kastar ei kule der dei prøvar å kome så nær den minste kula som mogeleg. Summer avstanden til dei tre nærmaste kulene og skriv på svarkortet. Det er om å gjere å få minst mogeleg sum.

4 – 5 bocciakuler

og ei lita kule

3 Halvliter`n

Volum (desiliter)

Post:
Gruppa får tre posar som de skal fylle med vatn. Til saman skal det vere ein halv liter vatn. Alle dei tre posane skal innehalde vatn. Når de har vorte einige om at de har funne ein halv liter, kontrollerer de svaret med litermålet og skriv kor mykje vatn de hadde i posane på svararket. Eventuelt kan læraren 

3 posar per gruppe, liter eller halvlitermål, vanntank/kran eller bøtte.
4 Kor langt?

Lengde (m, dm, cm)

Læraren har på førehand markert punktene A og B.

Post:
Anslå kor langt det er frå A til B og skriv svaret på svararket.

Målbånd til læraren når A og B skal plasserast ut.
5 Kor lenge er eitt minutt?

Tid (minutt, sekund)

Post:
Ein elev på gruppa styrer stoppeklokka (eventuelt ein lærar)

Elevane på gruppa tek eitt skritt fram når dei meiner det har gått eiitt minutt. Finn differansen mellom tida og eitt minutt. Summer alle differansene i gruppa. Det er om å gjere å få lågast mogeleg sum.

Stoppeklokke
6 Presisjons-stafett

Tid (minutt, sekund)

Post:
Elevane i ei gruppe skal i tur og orden gå ei bestemt lengde og gruppa skal til saman bruke tre minutt. Dei får oppgjeve mellom tidene etter at kvar deltakar har fullført slik at dei kan diskutere strategi og kunne justere farta si.

Læraren skriv ned differansen mellom tida gruppa brukar og tre minutt på svarkortet.

Stoppeklokke
7 Kva har størst areal?

Areal

På førehand har læraren klipt ut figurar i gråpapir, voksduk, dusjforheng eller liknande som er lagt ut på posten.

Sett namn på figurane (A, B, C osv).

Post:
Elevane skal sortere figurane etter størst areal. Dei kan bruke kvadratmetermatta til å vurdere storleikane.

Skriv bokstavane på figurane i rekkefølgje, frå minst til størst areal.

Kvadratmetermatte, figurar (ulik storleik/med ulikt areal) Geometriske figurar laga av dusjforheng/voksduk som er markert med bokstavar med tusj.

Spørsmål som kan passe til oppsummering:

  • Kva var vanskeleg? Og kva var lett? Kvifor?
  • Korleis tenkte de da de løyste oppgåva?
  • Sjå på dei ulike resultata – kva er likt og kva er forskjellig?
  • Kva for omgrep brukte de da de samarbeidde?
  • Prøvde de noko som ikkje fungerte så godt? Kva var grunnen til at det ikkje fungerte så godt og kva for endringar gjorde de?
  • Er det nokon som vil seie noko om øvingane på denne posten/postane? Er det nokon som vil legge til noko?

Rammeplanmål/Kompetansemål

Kompetansemål etter 8. trinn
utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
Kompetansemål etter 6. trinn
utforske mål for areal og volum i praktiske situasjonar og representere dei på ulike måtar
Kompetansemål etter 5. trinn
formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere
Kompetansemål etter 4. trinn
bruke ikkje-standardiserte måleiningar for areal og volum i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
Kompetansemål etter 3. trinn
bruke ulike måleiningar for lengd og masse i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
Kompetansemål etter 2.trinn
måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata
Kompetansemål etter 2.trinn
forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender