Realfagkonferansen 2024

Nyhet
/
12.03.2024
Jente blåser bobler.
Tysdag 7.mai er dagen for årets Realfagkonferanse, og også i år blir det ein fysisk konferanse i Realfagbygget på Gløshaugen i Trondheim.

Realfagkonferansen er gratis og skal vere ein inspirasjons- og fagdag for realfaglærarar på alle trinn og i alle realfag, dvs. matematikk, naturfag, teknologi og alle naturfaglege programfag i vidaregåande skule.

Innhaldsmessig vil konferansen følgje eit relativt likt konsept som før. Det betyr mange parallellsesjonar slik at alle realfaglærarar, uansett trinn og fag, skal finne noko konkret og matnyttig for si eiga undervisning. I tillegg har vi plenumsforedrag av meir generell karakter som vi håpar vil vere både til inspirasjon og ettertanke.

Det første plenumsforedraget i år er ved Odin Nøsen frå Randaberg kommune. Både han og kommunen er pionerar når det gjeld bruk av kunstig intelligens i skulen. Odin Nøsen deltek digitalt og og presentasjonen hans har tittelen "KI i skulen - Kvifor gjer vi eigentleg dette?". Plenum 2 kjem etter lunsj, og her vil Ida-Johanne Jensen frå institutt for bioteknologi og matvitskap ved NTNU klargjere temaet ultraprosessert mat i presentasjonen "Navigering gjennom vår moderne matverd og framtidige moglegheiter".

Vi har òg fått plass til parallellsesjonar der vi håpar alle finn noko av interesse.

Logo: Realfagkonferansen

For meir informasjon og fleire detaljer om programmet, sjå Realfagkonferansens nettside.

Påmeldingsfrist: fredag 26.april.

 

Påmelding til Realfagkonferansen

 

Konferansen blir arrangert av Trøndelag fylkeskommune, Trondheim kommune, Naturfagsenteret, Matematikksenteret, og NTNU. Den er heilt gratis og berekna på realfaglærarar frå første trinn på barneskulen til siste trinn på vidaregåande. Det er også høve for andre interesserte å melde seg på. Maksimalt tal på deltakarar er 250, og det er "først til mølla"-prinsippet som gjeld!