Djupnelæring i matematikk

Lita jente som konsentrerer seg medan ho jobbar på PC
Overordna del av læreplanverket beskriv kva verdiar og prinsipp som grunnopplæringa skal byggje på. Her er djupnelæring eit sentralt omgrep.

Djupnelæring inneber at elevane gradvis og over tid utviklar forståinga si av omgrep og samanhengar innanfor eit fag. Elevane utviklar ei heilskapleg forståing av fag og ser samanhengar mellom fag, og dessutan greier å nytte det dei har lært til å løyse problem og oppgåver i nye samanhengar. Elevane er i stand til å regulere eigen læringsprosess, bruke relevante læringsstrategiar og reflektere over eiga læring.

Les meir om djupnelæring i artikkelen Dybdelæring i matematikk, av Mona Nosrati og Kjersti Wæge (2018).
Artikkel om Dybdelæring, begrepene brøk og desimaltall, Stengrundet, Jensen og Valbekmo, 2019

Kompetanseutvikling i djupnelæring

I Realfagsløyper er det utvikla modular om djupnelæring (barnetrinn, ungdomstrinn og videregåande).
Matematikksenteret kan bidra med støtte i gjennomføringa av Realfagsløyper.