Gratis kurs i inkluderande matematikkundervisning og AlleTeller!

Nyhet
/
13.03.2023
VI ser hendene på en person som skriver på en notatblokk. I bakgrunnen ser vi en PC og en kaffekopp.
På det digitale kurset vil du lære meir om ulike funksjonar som ligg i AlleTeller og korleis du kan arbeide for å fremje ei inkluderande matematikkundervisning. 

Det digitale kurset er todelt:

Del 1: AlleTeller!

Her vil vi ta for oss kva funksjonar som ligg i kartleggingsmaterialet AlleTeller!, og korleis handboka kan brukast til tilpassing av undervisning og oppfølging av elevar.

Tema:

  • korleis handboka Alle Teller! er bygd opp
  • koplingar mellom handboka og kvar enkelt oppgåve i kartleggingstestane
  • kartleggingstestane, både i papirversjon og i digital versjon
  • korleis logge inn, opprette test og legge til elevar i dei digitale kartleggingsprøvane i www.alleteller.no 

Del 2: Inkluderande matematikkundervisning

Denne delen av kurset handlar om kva som kjenneteikner inkluderande matematikkundervisning. Vi vil sjå nærare på korleis du kan følgje opp elevar etter kartlegging. 

Tema:

  • Prinsipp for inkluderande matematikkundervisning
  • Bruk av ulike representasjonar og korleis vi kan bruke dei

Målgruppe er lærarar i grunnskulen og tilsette i PPT.

Kurshaldarar er:

May Renate Settemsdal og Olaug Lona Svingen

Kurs 22. mars kl. 14.30 – 16.30

Meld deg på

Alle påmelde får tilsendt ei zoom-lenke før kurset.