Bestill fagdag: Matematikk + språk = inkluderande fellesskap i barnehagen

Nyhet
/
08.01.2024
Barn snakkar med kvarandre gjennom papprøyr
Foto: Glen Musk
Treng de inspirasjon og kunnskap om korleis språkarbeid og matematikk kan skapa inkluderande fellesskap i barnehagen? Bestill ein fagdag med Matematikksenteret og Skrivesenteret.

På ein fagdag om matematikk, språk og inkludering formidlar me praktiske døme og forskingsbasert kunnskap om korleis arbeid med matematikk og språk kan skape inkluderande fellesskap i barnehage, SFO og skule. Fagdagen består av foredrag, erfaringsdeling og verkstad. Tema er:

  • korleis framme eit inkluderande fellesskap med eit språkleg og matematisk arbeid.
  • korleis bruke matematikk og språk til å vareta og vidareutvikle barns drivkraft for å forstå verda.
  • korleis kan tilsette bidra til at barna opplever eit inkluderande samspel som har noko å seie for tilhøyrselen deira, forståing og utvikling.

Å fremje inkluderande fellesskap med språkarbeid og arbeid med fagområdet matematikk er ein sentral målsetting i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Det handlar om at alle barn skal ha likeverdige moglegheiter for deltaking og allsidig utvikling, og er ein viktig del av å førebyggja fråfall og skulefråvær i utdanningsløpet. Innhaldet i fagdagen bidreg til å gjere denne målsetjinga om til praksis.

 

Føredragshaldarar

Gunilla Eide Isaksen

Gunilla er universitetslektor ved Skrivesenteret (NTNU). Ho har master i førskulepedagogikk og 18 års erfaring frå arbeid i barnehagen som spesialpedagog og pedagogisk leiar. Gunilla har undervisningserfaring som faglærar i pedagogikk på barnehage- og lærarutdanninga.

Anne Hjønnevåg Nakken

Anne er universitetslektor ved Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) og Matematikksenteret (NTNU). Dei siste to åra har ho også jobba i Solemdal barnehage. Anne er utdanna sivilingeniør frå NTNU med tilleggsutdanning som lektor i matematikk.

Beate Nergård

Beate er førsteamanuensis ved Matematikksenteret (NTNU), og jobbar med Matematikksenterets barnehagesatsing. Beate er utdanna barnehagelærar, og har 13 års praksiserfaring som lærer på barnetrinnet. Dei siste 13 åreine har vore tilsette ved Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH), der ho underviste i matematikk ved bachelorutdanninga. Våren 2022 ferdigstilte ho ei doktorgrad med tittelen «Barnehagebarns matematiske språk og kommunikasjon. En kvalitativ kasusstudie av hva som kjennetegner barns matematiske språk og kommunikasjon i barnehagen».

Heidi Sandø

Heidi er Universitetslektor ved Skrivesenteret (NTNU). Sandø har master i barnehagekunnskap. Ho har 20 års erfaring frå praksisfeltet, og har jobba i barnehage og skule. Heidi har jobba med kompetanseutvikling i praksisfeltet gjennom Språkløyper, utarbeidd nettressursar og leidd utviklingsarbeid i barnehage og skule. Ho har saman med Iris Hansson Myran skrive bøkene «Språkarbeid og utforskende skriving i barnehagen» (2018) og «Barneklare skoler eller skoleklare barn? Om overgangen fra barnehagen til skolen» (2022).

Bestill en fagdag

For bestilling av fagdag, ta kontakt med kurs- og prosjektansvarleg Bård Vinje.