Smart(er) Question Writing: FoU for smartare prøver

Foto av en prøve på skjerm
I Noreg har vi i mange år utvikla Edtech-verktøy for vurdering av læring. Erfaringane blir no løfta inn i eit internasjonalt forskingsprosjekt som skal utvikle endå smartare teknologi for prøveutvikling.

Det treårige EU-prosjektet «Smart(er) Question Writing» har som mål å utvikle eit elektronisk, nettbasert hjelpemiddel som skal hjelpe lærarar og andre oppgåveforfattarar, med å produsere gode spørsmål og oppgåver som kan nyttast i undervisningsøyemed. I første omgang vil prosjektet rettast inn mot mellom- og ungdomstrinnet innanfor fagområdet matematikk og rekning som grunnleggjande ferdigheit. Undersøkinga skal gi prosjektet informasjon om korleis lærarar i dag nyttar teknologi, digitale læremiddel og andre kjelder for å produsere og gjenbruke oppgåver til bruk i undervisninga si.

 

Forskingsprosjektet Smart(er) Question Writing blir finansiert av Regionalt forskingsfond Hovedstaden. Matematikksenteret NTNU er partnar i prosjektet saman med Inspera AS, Utdanningsetaten i Oslo, Universitetet i Oslo (EKVA) og forskarar frå universitetet i Oxford.