Fire elevar - to ulike avstandar

fire elever

Hensikt

Problemløysing og utforsking.
E
levane skal bruke kunnskapar dei har om geometriske former til å utforske avstandar mellom punkt og linjer i ulike figurar.

Du treng

Taug eller målband, stein eller annan gjenstand, skrivesaker og papir

Etterarbeid: Teljebrikkar, skrivesaker og papir, dynamisk geometriprogram

 

Aktiviteten

Forarbeid
Elevane bør ha kjennskap til eigenskapar ved geometriske former (sirkel, firkantar, trekantar)

Gjennomføring av aktiviteten
Elevane arbeider i grupper på fire. Dei fire elevane plasserer seg i eit mønster slik at det berre er to ulike avstandar mellom dei. Når elevane meiner dei har riktig plassering, legg dei ned ein stein eller ein annan gjenstand der dei står og måler avstanden mellom gjenstandane. Mål avstanden mellom to gjenstandar frå sentrum av gjenstandane.

Elevane forklarer korleis dei har plassert seg og forklarer kvifor løysinga er rett. Diskuter om det finst fleire løysingar på problemet.

Etterarbeid
Elevane rekonstruere aktiviteten dei gjorde ute, enten ved å bruke teljebrikkar eller ved å utforske oppgåva ved hjelp av eit dynamisk geometriprogram. Finst det fleire løysingar?

Lærerveiledning

Hensikta med oppgåva er å utvikle elevane si forståing av geometri. Elevane skal bruke kunnskap dei har om geometriske former til å få djupare innsikt i avstandar mellom punkt og linjer i figurane. Dei skal vidare øve på å lage skisser, konstruere med passar og linjal, og eventuelt teikne figurane i GeoGebra. Denne aktiviteten finn du også på mattelist.no under tittelen Fire lys https://www.mattelist.no/425

Løsningsforslag:

Fire%20elever-to%20ulike%20avstander_fasit.png

Rammeplanmål/Kompetansemål

  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 9.trinn
      • utforske og argumentere for korleis det å endre føresetnader i geometriske problemstillingar påverkar løysingar
    • Kompetansemål etter 6. trinn
      • beskrive eigenskapar ved og minimumsdefinisjonar av to- og tredimensjonale figurar og forklare kva for eigenskapar figurane har felles, og kva for eigenskapar som skil dei frå kvarandre
      • bruke variablar, lykkjer, vilkår og funksjonar i programmering til å utforske geometriske figurar og mønster
    • Kompetansemål etter 4. trinn
      • utforske, beskrive og samanlikne eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar ved å bruke vinklar, kantar og hjørne