Forskar på standpunktvurdering

Mannlig lærer som diskuterer med en elev
Implementering av nye læreplanar er ein kompleks prosess som involverer endringar i det faglege innhaldet og i pedagogiske tilnærmingar. Men korleis blir vurderingspraksisen påverka?

Forskarar frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU skal sjå nærare på praksisar og prosessar i standpunktvurdering, og korleis intensjonane i læreplanane blir omsette til praksis. Studien vil undersøkje praksisar og prosessar for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule i faga norsk, matematikk, naturfag, musikk (berre ungdomsskule) og helse- og oppvekstfag (berre vidaregåande).

Resultatet av studien kan mellom anna gi informasjon om korleis skuleleiarar og avgjerdstakarar bør leggje til rette og støtte lærarar i omstillingsprosessar.

Prosjektet er todelt: Den første delen går ut på å finne ut korleis lærarar nyttar vurderingstekstane i læreplanane og kjenneteikna på måloppnåing når dei vurderer elevane sine. I den andre delen skal forskarane undersøkje kva som kjenneteiknar praksis og prosessar i standpunktvurdering.

Matematikksenteret sitt bidrag i prosjektet er å samle inn og analysere data, med særleg ansvar for faget matematikk.

Spørjeundersøkingar, caseskular, gruppeintervju og dokumentanalyse

For å svare på forskingsspørsmåla i prosjektet vil vi gjennomføre spørjeundersøkingar med 100–150 lærarar per fag. Tre skular på ungdomstrinnet og tre skuler frå vidaregåande skule skal delta som caseskular. Lærarane og skuleleiarar ved desse skulane vil delta i gruppeintervju. Forskarane vil i tillegg observere kva som skjer i karaktermøte i dei ulike faga. Dei skal også analysere dokument som vurderingsplanar, oppgåver, kriterium, rettleiingar og fagplanar. Prosjektet er finansiert av Utdanningsdirektoratet og strekkjer seg over inntil to år. 

 

Forskerteamet

Forskarane frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU har spisskompetanse innanfor fagdidaktikk, vurderingsdesign, psykometri og skuleutvikling. Prosjektleiar er professor Lise Vikan Sandvik. Dei andre teammedlemmene er: Henning Fjørtoft, professor ved Institutt for lærarutdanning; Gustaf Skar, professor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning, NTNU;  Bodil Svendsen, førsteamanuensis, Institutt for lærarutdanning NTNU; Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning NTNU; Olav Dalsegg Tokle, Matematikksenteret NTNU, Institutt for lærarutdanning, NTNU; Anne Holten Kvistad, universitetslektor, Skrivesenteret, Institutt for lærarutdanning, NTNU; Marita Byberg Johansen, universitetslektor, Skriversenteret, Institutt for lærarutdanning, NTNU.