Noregs deltakarar i EGMO 2026

Nyhet
/
28.04.2026
Gruppebilde
Det norske laget, med ledere: Weronika Wrzos-Kaminska (leder), Victoria Lund Søraas, Cathy Rong, Mariam Eltrissi, Ingrid Lærum Winsnes, Astrid Mysterud (leder)
European Girls’ Mathematical Olympiad (EGMO) i år gjekk føre seg 9.-15. april i Bordeaux i Frankrike. I år vart det to bronsjemedaljar til Noreg!

European Girls’ Mathematical Olympiad (EGMO) er ein europeisk matematikkonkurranse for jenter i vidaregåande skule som er interessert i matematikk utover ordinært skulepensum. Konkurransen har vakse til å inkludere meir enn 50 land, også utanfor Europa, sidan den vart arrangert for første gong i 2012.

Noreg var i år representert med deltakarane Victoria Lund Søraas, Cathy Rong, Mariam Eltrissi og Ingrid Lærum Winsnes. Victoria og Ingrid vann bronsjemedalje! Det er første gong sidan 2016 at Noreg vinn meir enn ein medalje.