Resultata frå Abelkonkurransen 2025/2026 første runde
Første runde i Abelkonkurransen vart arrangert digitalt på skulane, og består av 20 oppgåver, kvar med fem svaralternativ som skulle svarast på i løpet av 100 minutt
Her finn du oppgåver og løysingar frå første runde
Andre runde blir arrangert digitalt 8. januar 2026. Denne runden består av 10 oppgåver som skal løysast på 100 minutt. Samanlagt resultat frå første og andre runde avgjer kven som blir invitert til finalen. Finaledeltakarane får fire timar til å løyse fire oppgåver, som ikkje berre skal vere rette, men også innehalde ei grunngiving/bevis. Finalen blir arrangert i Trondheim 10. mars 2026.
Om Abelkonkurransen
Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i vidaregåande skule. Konkurransen består av to innledningssrunder og ein finale. Elevar som gjer det godt i Abelkonkurransen kan bli invitert til ein eller fleire internasjonale konkurransar (eller internasjonale finalar).
Institutt for matematiske fag ved NTNU har det faglege ansvaret for Abelkonkurransen, med støtte frå Matematikksenteret. Norsk matematisk foreining eig konkurransen.