Resultata frå Abelkonkurransen 2026/2027 første runde

Nyhet /
24.11.2026
Abelkonkurransen logo
3309 elevar frå 254 skular deltok i Abelkonkurransens første runde. 1115 elevar får diplom som er på veg i posten. 343 kvalifiserte seg og går vidare til andre runde, som blir arrangert 14. januar 2027.

Sjå resultata her.

Første runde i Abelkonkurransen vart arrangert digitalt på skulane, og består av 20 oppgåver, kvar med fem svaralternativ som skulle svarast på i løpet av 100 minutt

Her finn du oppgåver og løysingar frå første runde

Andre runde blir arrangert digitalt 14. januar 2027. Denne runden består av 10 oppgåver som skal løysast på 100 minutt. Samanlagt resultat frå første og andre runde avgjer kven som blir invitert til finalen. Finaledeltakarane får fire timar til å løyse fire oppgåver, som ikkje berre skal vere rette, men også innehalde ei grunngiving/bevis. Finalen blir arrangert i Trondheim 10. mars 2027.

Om Abelkonkurransen

Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i vidaregåande skule. Konkurransen består av to innledningssrunder og ein finale. Elevar som gjer det godt i Abelkonkurransen kan bli invitert til ein eller fleire internasjonale konkurransar (eller internasjonale finalar).

Institutt for matematiske fag ved NTNU har det faglege ansvaret for Abelkonkurransen, med støtte frå Matematikksenteret. Norsk matematisk foreining eig konkurransen.