Hanne sitt blomsterbed

Blomsterbed

Hensikt

Elevane får erfaringar med omgrepet brøk. Elevane skal løyse eitt problem som handlar om å finne brøkdelen av ein heil.

Du treng

Kritt, tau, eller tape og pinnar til å lage eit rektangel i litt stort format ute.
Rektanglet kan også teiknast i sand.
Kongler, pinnar, steinar, blad eller liknande som kan representere blomstrane i blomsterbedet.

Aktiviteten

Lag eit stort rektangel som skal førestille omrisset til eit blomsterbed. Finn kongler, pinnar, steinar, blad eller liknande som skal representere dei enkelte blomstertypane i bedet. Elevane skal arbeide i par eller små grupper og dele blomsterbedet etter følgande opplysningar:

  • Det skal vere tulipanar i halve blomsterbedet.
  • I tre firedelar av resten av bedet skal det vere snøklokker.
  • Det skal vere pinseliljer i halvparten av det som er att.
  • I resten av bedet skal det vere påskeliljer.

I kor stor del av heile blomsterbedet er det påskeliljer?
Korleis tenkte de da de delte inn blomsterbedet i dei ulike områda?
Er det nokon som tenkte annleis?
Kva er likt og kva er ulikt i dei ulike beda?

Elevane skal forklare og begrunne løsningane sine for dei andre gruppene.

Lærarrettleiing

Forarbeid:
Elevene bør ha arbeidd med omgrepet brøk før dei gjer aktiviteten.
Finn fram nødvendig utstyr og vel eit uteareal som passar til aktiviteten.

Gjennomføring av aktiviteten:

Elevane arbeider i par eller små grupper.
Kvar gruppe lagar eit rektangel som representerer blomsterbedet ved hjelp av kritt, tau eller pinnar og tape. Rektanglet kan også teiknast i sand. Elevane skal følge instruksjonane i oppgåva, plassere «blomster» i dei ulike delane, og finne ut kor stor del av heile blomsterbedet som kan brukast til påskeliljer. Elevane skal forklare og grunngi løysningane sine.

Eksempel på løysning:

HannesBlomsterbed1.png

Etterarbeid inne:

Elevane skal arbeide i dei same gruppene som ute. Dei skal lage ei teikning av bedet dei lagde, og skrive namn på blomstrane i dei ulike områda.
Kor stor del av bedet er tulipanar, snøklokker, pinseliljer og påskeliljer?
Korleis kan du skrive det?

HannesBlomsterbed2.pngEksempel på måte å skrive det på:
Tulipanar: `(1)/(2)` bed 

Snøklokker:  `(3)/(4)` av  `(1)/(2)` bed =  `(3)/(8)` av heile bedet

Pinseliljer:  `(1)/(2)` av  `(1)/(8)` bed =  `(1)/(16)` av heile bedet.

Påskelinjer: `(1)/(16)` av heile bedet.

Områda til tulipanar, snøklokker og pinseliljer blir til saman: `(3)/(8)` + `(1)/(16)` = `(8)/(16)` + `(6)/(16)` + `(1)/(16)`= `(15)/(16)`
Området til påskeliljene blir `(16)/(16)` -`(15)/(16)` = `(1)/(16)` av heile blomsterbedet.

Utviding/endring av oppgåva:

1) Endre spørsmålet: Kor mange prosent av blomsterbedet er påskeliljer?

Vise og forklare svaret ut frå blomsterbedet dei har laga (figuren)

HannesBlomsterbed3.png

Symbolsk:
Påskeliljer: `(16)/(16)` -`(15)/(16)` = `(1)/(16)` og `(1)/(16)` = 0,0625 = 6,25 %
Diskuter samanhengen mellom brøk og prosent.

2) Endre alle opplysningar i oppgava til prosent i staden for brøkdelar.

Rammeplanmål/Kompetansemål

  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 8. trinn
      • lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
    • Kompetansemål etter 7. trinn
      • utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
    • Kompetansemål etter 6. trinn
      • formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar
    • Kompetansemål etter 5. trinn
      • utforske og forklare samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent og bruke det i hovudrekning
      • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
      • formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere
Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC