Digitalt kurs i inkluderande matematikkundervisning og AlleTeller!

Det digitale kurset er todelt:
Del 1: AlleTeller!
Her vil vi ta for oss kva funksjonar som ligg i kartleggingsmaterialet AlleTeller!, og korleis handboka kan brukast til tilpassing av undervisning og oppfølging av elevar.
Tema:
- korleis handboka Alle Teller! er bygd opp
- koplingar mellom handboka og kvar enkelt oppgåve i kartleggingstestane
- kartleggingstestane, både i papirversjon og i digital versjon
- korleis logge inn, opprette test og legge til elevar i dei digitale kartleggingsprøvane i www.alleteller.no
Del 2: Inkluderande matematikkundervisning
Denne delen av kurset handlar om kva som kjenneteikner inkluderande matematikkundervisning. Vi vil sjå nærare på korleis du kan følgje opp elevar etter kartlegging.
Tema:
- Prinsipp for inkluderande matematikkundervisning
- Bruk av ulike representasjonar og korleis vi kan bruke dei
Målgruppe er lærarar i grunnskulen og tilsette i PPT.
Kurshaldarar er:
May Renate Settemsdal og Olaug Lona Svingen
Du kan velje mellom to kursdatoar:
Kurs 1: 28. februar kl. 14.30 – 16.30
Kurs 2: 22. mars kl. 14.30 – 16.30
Pris: Kr. 300,-
Alle påmelde får tilsendt ei zoom-lenke før kurset.