Finale i Abelkonkurransen 2025 / 2026

Nyhet
/
12.02.2026
Abelkonkurransens logo
Dei beste unge matematikk-talenta i Noreg er klare for finalen i Abelkonkurransen den 10. mars. Det er statssekretær Sindre Lysø som deler ut premiane. Premiesermonien blir streama.

Alle dei 22 finalistane samlast i Trondheim helga før finalen for å delta på ein "treningsleir" i matematikk, arrangert av Institutt for matematiske fag, NTNU.

Sindre Lysø
Sindre Lysø er statssekretær for kunnskapsministeren.

Tysdag 10. mars møtest finalistane til dyst i hovudbygget på NTNU. I løpet av fire nervepirrande timar skal dei løyse fire finaleoppgåver som vil avgjere kven som blir "noregsmeister" i matematikk.

Resultata blir presenterte under ein høgtideleg seremoni på kvelden, og det er statssekretær Sindre Lysø frå kunnskapsdepartementet som deler ut premiane.

Sjå stream av premieutdelinga 10. mars

Finalistane

Namn Skule
Ashwath Anandathirthan International School Of Stavanger (Stavanger)
Bo Fodstad Anjer Elvebakken videregående skole (Oslo)
Sigurd Austad Oslo katedralskole (Oslo)
Arav Dhiman Biss Gausel (Stavanger)
Mariam Eltrissi Birralee International School Trondheim AS (Trondheim)
Ivar Lee Fevang Thora Storm videregående skole (Trondheim)
Thomas Frantz Fossgård Vardafjell videregående skole (Haugesund)
Martin Gjuvsland Ås videregående skole (Ås)
Trygve Torkildsen Hellebø Norges Realfagsgymnas Sandvika (Bærum)
Magnus Flydal Jenstad Nadderud videregående skole (Bærum)
Justin Jia Oslo katedralskole (Oslo)
Jakob Jeongyeop Kim Trondheim katedralskole (Trondheim)
Maksym Koval Hadeland videregående skole (Gran)
Henrik Bugge McCleary Oslo International School (Bærum)
Daniel Mineev Blindern videregående skole (Oslo)
Anirudh Mithun Murthy Stabekk videregående skole (Bærum)
Cathy Rong UWCRCN (UWC Red Cross Nordic)
Otto Schjølberg-Henriksen Oslo katedralskole (Oslo)
Victoria Lund Søraas Norges Realfagsgymnas Sandvika (Bærum)
Mathias Olai Thorstensen Røyken videregående skole (Asker)
Elliot Rosquist Tofteberg Oslo katedralskole (Oslo)
Skomantas Urbonas Oslo International School (Bærum)

Program premieseremoni

10. mars 2026 kl. 18.00 – 21.00

Musikalsk opning med elevar frå musikklinja ved Heimdal vidaregåande skule
Velkomsthelsing ved Tor Grande, rektor NTNU
Leiar av Norsk matematisk foreining, professor Bjørn Ian Dundas
Foredrag ved førsteamanuensis Sigrid Grepstad, Institutt for matematiske fag
Prisutdeling ved statssekretær Sindre Lysø, Kunnskapsdepartementet
Fotografering
Avrunding
Pizza og mingling

Om Abelkonkurransen

Abelkonkurransen (Niels Henrik Abels matematikkonkurranse) vart starta opp av Norsk matematisk foreining i 1981. Kvart år konkurrerer tusenvis av norske elevar om å bli kåra til Noregs dyktigaste unge matematikar og høvet til å få vera ein av dei seks som representerer Noreg i matematikk-OL. I 2020 tok Norge gull i OL!

Norsk matematisk forening eig Abelkonkurransen. Institutt for matematiske fag ved NTNU har det faglege ansvaret for Abelkonkurransen, med støtte frå Matematikksenteret, som også har det administrative ansvaret for konkurransen.