Resultata frå Abelkonkurransens første runde
2769 elevar frå 229 skular deltok i Abelkonkurransens første runde. 1855 elevar Fikk diplom og 305 kvalifiserte seg og går vidare til andre runde, som blir arrangert 16. januar 2025.
Første runde i Abelkonkurransen vart arrangert digitalt på skulane, og består av 20 oppgåver, kvar med fem svaralternativ som skulle svarast på i løpet av 100 minutt.
Her finn du oppgåver og løysingar frå første runde
Andre runde blir arrangert digitalt 16. januar 2025. Denne runden består av 10 oppgåver som skal løysast på 100 minutt. Samanlagt resultat frå første og andre runde avgjer kven som blir invitert til finalen. Finaledeltakarane får fire timar til å løyse fire oppgåver, som ikkje berre skal vere rette, men også innehalde ei grunngiving/bevis. Finalen blir arrangert i Trondheim 18. mars 2025.
Om Abelkonkurransen
Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i vidaregåande skule. Konkurransen består av to innledningssrunder og ein finale. Elevar som gjer det godt i Abelkonkurransen kan bli invitert til ein eller fleire internasjonale konkurransar (eller internasjonale finalar).
Institutt for matematiske fag ved NTNU har det faglege ansvaret for Abelkonkurransen, med støtte frå Matematikksenteret. Norsk matematisk foreining eig konkurransen.