1 time
Hele klassen

Magisk kvadrat

Magisk kvadrat uløst

Emne

Tal og talforståing. Addisjon, hovudrekning.

Hensikt

Resonnere og tenke logisk rundt eigenskapar ved summering av tal.

Du treng

Kortstokk

Aktiviteten

Plukk ut korta frå 1 (ess) til 9 i ei farge; hjerter, ruter, spar eller kløver. Legg korta i tre rader og tre kolonner. Sjå biletet over.

Korta skal flyttast slik at summen av korta blir den same i alle radene og kolonnene og i diagonalane.

Matematikk i fokus

Magisk kvadrat løstTil høgre ser de ei av fleire moglege løysingar. Ikkje presenter løysingar til elevane, la de arbeide helt til dei finn løysingane sjølv.

Undervegs kan det vere behov for å gi elevane hint:

Start med å spørje kva sum kvar rekkje må ha. Siden summen av alle korta frå 1 til 9 er 45, må kvar rekkje ha summen 15. Be elevane sjå etter kombinasjonar som gir 15. Talet 5 gir 15 kombinert med 1 + 9, 2 + 8, 3 + 7 og 4 + 6. Derfor må 5 ligge i midten.

Etterpå kan elevane få følgande utfordring: Bruk korta frå 2 til 10 og lag et nytt magisk kvadrat. Kan du ha hjelp av det første kvadratet når du legg det nye? I jobbinga med det nye kvadratet vil kanskje somme oppdage at dei kan bytte ut 1 med 2-ar, 2-aren med 3-ar osv.

Rammeplanmål/Kompetansemål

  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 4. trinn
      • utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel
    • Kompetansemål etter 5. trinn
      • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC