Motiverande års- og periodeplanar
Eit av dei mest effektive grepa me lærarar kan gjera for å motivera elevane våre, er å laga års- og periodeplanar på ein ny måte. Det er ein dristig påstand, men kjem du på denne verkstaden, trur eg du blir einig.
Kjenner du òg på frustrasjon når du «må» gå vidare, sjølv om elevane ikkje er klare? Ja, då vil du ha glede av å høyra meir om korleis me kan bruka «big ideas», baklengs planlegging og litt motivasjonsteori til å laga planar som gir elevane ekta sjansar til vurdering for læring. Og kva skjer når elevane får stadig nye sjansar? Dei blir motiverte for å prøva på nytt, heilt til matematikken gir meining.
Verkstaden blir slik: Først fortel eg kort om kva konkrete råd eg har funne i litteraturen og korleis me har brukt desse i matematikk 1P på skulen vår. Og så kjem det kjekkaste: Me deler oss i grupper etter kva fag me underviser i, og lagar skisser til planar basert på ideane frå presentasjonen min og kvar enkelt sine erfaringar. For nokon kan målet vera å lausriva seg frå læreverket. For andre, å finna ein ny måte å bruka læreverket på. Til slutt reflekterer me saman heile gjengen.
Målet er at du på veg ut av døra skal tenka: «Korfor har me ikkje tenkt på dette før? Dette trur eg me kan bruka hjå oss, på vår eigen måte, utan altfor mykje ekstra arbeid.»