Velkomen til Novemberkonferansen 2022

Nyhet
/
24.08.2022
Logo Novemberkonferansen 2022
Meld deg på Novemberkonferansen 2022 – den største konferansen for matematikklærarar i Noreg. Påmeldinga er no opna.

22. og 23.november samlar Matematikksenteret over 500 lærarar frå heile landet til engasjerande og inspirerande dagar med fagleg påfyll på Scandic Lerkendal i Trondheim. Temaet for årets Novemberkonferanse er "Inkludering og vurdering i LK20". 

I LK20 står det at «Skolen skal utvikle inkluderende fellesskap som fremmer helse, trivsel og læring for alle.» Korleis kan matematikkfaget bidra til ein inkluderande praksis?    

Vurdering er eit viktig aspekt i all undervisning. Kva seier LK20 om vurdering i matematikk? Korleis kan vi vurdere elevane sin kompetanse i matematikk? Korleis kan vurderinga støtte elevane si læring og forståing i matematikk? 

Plenumsforedraga er det i år Matematikksenteret, Edda Óskarsdóttir, Peter Liljedahl og Magnus Dehli Vigeland som står for. Charlie Gilderdale, Henning Fjørtoft, Ulrica Dahlberg og Karin Wallby, Peter Liljedahl, Olav Dalsegg Tokle og Bård Vinje, Bjørnar Alseth og Tor Espen Kristensen har takka ja til å bidra med storverkstadar, så vi meiner vi har eit fagleg godt og variert program i år også.

Sjå heile programmet 

Praktisk informasjon

Hel konferanse (begge dagene): kr. 2125,- inkl. mva
Kun tirsdag 22. nov: kr. 1125,- inkl. mva
Kun onsdag 23. nov: kr. 1125,- inkl. mva
Utstiller: kr. 1800,- inkl. mva.
Konferansemiddag tirsdag kveld (inkl. drikke): kr. 800,- inkl. mva
Overnatting Scandic Lerkendal: Enkeltrom kr. 1295,- dobbetrom kr. 1495,-

Meld deg på

 

Logoen til Novemberkonferansen 2021 vises på skjerm med noen personer foran
Novemberkonferansen løfter hvert år fram aktuelle tema i matematikkundervisningen. I 2021 var tema "Ny læreplan – ny praksis"