Nytt innhald i programmerings-ressursane

Nyhet
/
23.05.2024
Matematikksenteret Logo, tema programmering
Programmeringsressursane består av modular med rettleiing og praktiske døme, og er tilpassa både elevar og lærarar. No har me utvida ressursane med instruksjonsfilmar og ein ny modul.

Programmeringsressursane passer for både nybyrjarar og dei som har lyst til å utvikle kompetansen sin, eller treng ressursar til undervisning.

Basert på innspel frå brukarane

Det er eitt år sidan me lanserte ressursane. Sidan den gong har lærarar som har brukt ressursane og deltakarar på programmeringskurs gitt oss mange tilbakemeldingar og gode idear. Med utgangspunkt i innspela har me utvikla instruksjonsfilmar og ein ny modul.

Ein av instruksjonsvideoane i modul 1

Ny modul

Den nye modulen heiter "Modulo". Den går ut på at elevane skal læra seg å bruke blokka "_mod_" til å undersøkje om ein divisjon "går opp" eller om det blir ein rest.

Instruksjonsvideo som viser døme frå den nye modulen

 

Om programmeringsressursane

  • Byggjer på programmeringsspråka Scratch og Python
  • Inneheld sju modular med rettleiing og praktiske døme, informasjon om programmering og ulike verktøy – tilpassa både elevar og lærarar
  • Utvikla i tett samarbeid med lærarar
  • Vekslar mellom det analoge og det digitale
  • Bygger på "PRIMM", eit didaktisk grunnlag som gir gode råd om korleis det analoge arbeidet kan få ein sentral plass i opplæringa.