Verksted 27

Gunhild Skåsheim

Gunhild Skåsheim er tilsett som høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Songdal. Gunhild har arbeidd som lærar på mellomsteget og ungdomssteget før ho begynte å undervise på grunnskulelærarutdanninga i 2021.

Faktorisere og løyse andregradslikningar ved bruk av algebrabrikker

Algebra er eit sentralt område i matematikkfaget, men for mange elevar kan det vere abstrakt og vanskeleg å få grep om. Ved å bruke konkretar som algebrabrikker kan vi gjere algebra meir tilgjengeleg og forståeleg. Visuell og konkret støtte som algebrabrikker kan bidra til å styrke elevane si forståing av strukturar og samanhengar i algebraiske uttrykk og likningar. 

I denne verkstaden får du arbeide med algebrabrikker som eit verktøy for å konkretisere og visualisere algebraiske uttrykk, i tillegg til tips og inspirasjon til korleis du kan bruke algebrabrikker i klasserommet med elevar. På verkstaden startar vi med å verte kjende med algebrabrikkene gjennom arbeid med enkle likningar. Vidare arbeider vi med oppgåver knytt til faktorisering og løysing av førstegradsuttrykk, for å stadig auke vanskegraden slik at vi til slutt arbeider med faktorisering og løysing av andregradslikningar. Vil du klare å nytte ulike metodar med algebrabrikkene for å løyse andregradslikningane?  Verkstaden avsluttast med refleksjon og diskusjon om korleis ein kan bruke algebrabrikkene i undervisninga, samt styrker og utfordringar med algebrabrikkene. 

Verkstaden byggjer på oppgåver Gunhild har utvikla for sine lærarstudentar, og legg til rette for utforsking i arbeidet knytt til temaet. Den er praktisk retta og gir deg idear du kan ta med deg tilbake til klasserommet.