Fysisk aktiv læring og matematikk
Tom Christian Wergeland vil starte med litt teori og forklaring av kva «fysisk aktiv læring (FAL)» handlar om, og fortelje om Claus Ottesen sine fem former for FAL. Så vil det bli ei fysisk økt med praktiske læringsaktivitetar som er lagt opp induktivt for å aktivere deltakarane i størst mogleg grad. Har med litt utstyr og konkretiseringsmateriell, men vil også vise læringsaktivitetar som ikkje krev noko
utstyr. Det blir lagt opp til erfaringsbasert læring som får deltakarane opp frå stolen, med fokus på fagleg dialog og problemløysing. Medbestemming, eigarskap og evaluering er også sentrale omgrep i FAL.
Tom Wergeland heiter eg, tilsett ved Trudvang skule (1-7) sidan 2001. Har deltatt på fleire store forskingsprosjekt i fysisk aktiv læring sidan 2004. Har master i fysisk aktiv læring og jobbar no i delt stilling ved Høgskulen på Vestlandet (80%) og Trudvang skule (20%) og er emneansvarleg for to heildigitale vidareutdanningsstudiar i FAL med om lag 200 studentar årleg.