Å møte og meistre ulikskapen mellom elevane i klasserommet.

Peder Haug, professor ved Høgskolen i Volda

Hovudsaka i innlegget er omgrepet tilpassa opplæring, tyding, bakgrunn og utfordringar. Eit poeng er  at prinsippet er like gamalt som skulen, medan bruken av omgrepet ofte blir tidfest frå 1970-talet av. Posisjonen til omgrepet i læreplan og ny opplæringslov vil vere tema, og av det følgjer ei nærare drøfting av verdigrunnlaget bak omgrepet og ei presisering av ulike former for tilpassa opplæring.