Verksted 17

Eva Holthe Enoksen

Eva Holthe Enoksen har undervist i matematikk og fysikk på Edvard Munch vidaregåande skule sidan 2016. Ho har mastergrad i fysikk frå UiO og har delteke på Teach First Norway-programmet i regi av UiO, Osloskolen og Equinor. Eva var òg ein del av det siste kullet på lærarspesialistutdanninga i matematikk på NTNU for 8.-13. trinn, og har skrive ein mastergrad om relevans i matematikkundervisning på yrkesfag.

Yrkesrelevant matematikkundervisning – korleis kan vi bruke erfaringane til elevane til å gjere undervisninga meir relevant?

Eit viktig mål for matematikkundervisninga i 1P-Y er å knytte matematikken opp til den yrkesfaglege fordjupinga elevane har vald. Det krev at læraren har grundig kjennskap til elevane sin yrkesfaglege fordjuping – eller gjer det det? På denne verkstaden skal vi sjå på korleis vi kan lage modelleringsoppgåver der elevane kan bruke erfaringane frå yrkesfagleg fordjuping eller praksis til å estimere storleikar, løyse problem og vurdere løysingane.

Verkstaden vil starte med ein kort introduksjon, før vi prøver ut ei yrkesretta modelleringsoppgåve. Eg vil så vise døme frå masteroppgåva «Modellframkallande aktivitetar som metode for å oppnå relevans», der eg laga og gjennomførde ein modellframkallande aktivitet med utgangspunkt i frisørsalongen på skulen. Deretter skal vi forsøke å lage fleire oppgåver av same type, og diskutere både fordeler og utfordringar med slike oppgåver.

Døma vil ta utgangspunkt i matematikk 1P-Y, men metoden kan òg vere relevant for å knytte matematikk opp til andre fag.