Verksted 26

Håvard Andreassen

Håvard Andreassen underviser i matematikk på Vardafjell vgs. I tillegg held han føredrag om matematikkundervising og skriv jamnleg i tidsskriftet Tangenten. Han var òg med som forfattar av Disko 1T, eit digitalt læreverk frå Cappelen Damm.

'Utforskande vurdering' - kjapt, trygt og billig!

"Korleis kan eg vurdera utforsking og problemløysing?" er eit spørsmål eg høyrer ofte. Eit godt svar på dette (a) motiverer elevane, (b) gir oss informasjon om kva elevane treng hjelp til og (c) gjer at elevane forstår kor dei er, kor dei skal og kva dei kan øva på. 

For nokon år sidan utvikla eg, saman med kollegaer, ein ny type vurderingssituasjon som me kalla "utforskande vurdering". Prinsippa er enkle, kombinerer ulik forsking om utforsking og problemløysing og kan tilpassast til mange ulike situasjonar - både formelle og uformelle, praktiske og teoretiske. "Kjapt, trygt og billig" rett og slett. 

Verkstaden startar med at eg fortel om opplegget. Det omfattar mellom anna ein balanse mellom sammarbeid og individuelt arbeid, kjenneteikn på gode oppgåver, strategiar elevane kan bruka, korleis me kan støtta dei og forståelege vurderingskriterier for alle. 

Etter circa 20 minutt, går me saman i grupper basert på ønska fag, og utformar eigne opplegg som me kan bruka når me kjem heim frå konferansen. 

Til slutt deler me med kvarandre det me har komme fram til, men òg gode erfaringar og dei utfordringane me har støtt på. Her kan du heilt sikkert både få og gi tips.